Frå Nynorsk Pressekontor: Snill Intervju av Stefan Einhorn ved Kari Hamre, NPK
- Godhjarta er det beste vi kan vere for kvarandre
- Eit snilt menneske er eit individ som lever med etikken i hjarta sitt. Vi har alt å vinne på vere gode mot medmenneska våre og omgjevnadene, og alt å tape ved ikkje å vere det. Den snille vandrar på framgangens veg.
Det meiner den svenske forfattaren Stefan Einhorn, som no gjer suksess med ei bok om å vere snill og god. "Kunsten å være snill" er blitt ein bestseljar i Sverige, og er no komen i norsk språkdrakt. Boka skal elles omsetjast til ti språk. Stefan Einhorn er til dagleg professor og leiar for etikkrådet ved Karolinska Institutet i Stockholm samt overlege ved Radiumhemmet. Han er også ein ettertrakta foredragshaldar.
Lengel etter det gode
- Er vi for lite snille mot kvarandre sidan du har funne behov for å skrive ei slik bok?
- Menneska er ganske snille mot kvarandre. Dei gode sidene dominerer, men det finst vonde impulsar. Eg synest det er viktig at menneska er gode mot kvarandre. Alle vinn på å vere meir etiske mot kvarandre, seier Stefan Einhorn. I "Kunsten å være snill" får vi konkrete råd og tips, fakta frå vitskapleg forsking og døme og problemstillingar mange kan kjenne seg att i.
- Kva er grunnen til at boka di har fått så positiv respons?
- Innhaldet har skapt diskusjon i media. Snillskap er nesten blitt ein trend. Det finst ein lengsel etter det gode. Vi er lei av spisse olbogar og å "gå over lik" for å kome oss fram i livet. Det blir for mykje fokus på det vonde i samfunnet, men det er det gode vi har mest behov for, seier Einhorn. Han meiner det er på tide med eit paradigmeskifte. Det snille mennesket fortener oppreisning. Sjølve omgrepet snill treng oppgradering.
Gode handlingar
- Kva vil det seie å vere snill?
- Å vere snill er viljen til å gjere det gode og omsetje dette til handling - det held ikkje berre med tanken. Å vere snill på ein ekte, fruktbar og god måte er i sanning ein kunst, seier Einhorn. Men det skal ikkje så mykje til å bli litt snillare i kvardagen. Å vere meir sjenerøs og gjere det beste ut av alle møte er ein god start. Å bli meir empatisk må ein kanskje trene litt på. Også å møte konfliktar på ein god måte er noko ein må lære seg.
Stefan Einhorn ser snill ut der han sit, men er han prototypen på eit snilt menneske?
- Eg er ikkje perfekt - det er ingen menneske. Eg er nok oftast snill, men blir jo sint og irritert av og til som alle menneske. Eg prøver likevel å leve eit så snilt liv som mogleg. Det lykkast eg ofte med, men nokre gonger ikkje - då er det viktig å akseptere at ein mislykkast og prøve på nytt, seier Einhorn.
Ekte og falsk
Einhorn hevdar at det faktisk ikkje går an å bli for snill, men han skil mellom å vere ekte snill og falsk snill. Ekte godleik krev klokskap og ettertanke, mot og integritet. Falsk godleik har innslag av svakheit, manipulasjon og manglande intelligens. Og falsk godleik er ikkje bra.
- Ein må også vere snill mot seg sjølv. Dersom ein blir utnytta må ein setje grenser. Det er viktig å seie stopp når noko er feil, seier Einhorn. Å vere dumsnill er ingen tent med.
Ekte godleik løner seg. Stefan Einhorn trur det fører til eit betre liv.
- Vi blir meir lykkelege og meir framgangsrike. Er ein snill mot andre er dei sjenerøse tilbake og mot andre menneske. Å vere snill får med andre ord både ein direkte og ein indirekte effekt. Ved å leve som eit førebilete skaper ein positive vibrasjonar rundt seg, seier Einhorn.
Universelt
"Kunsten å være snill" blir gitt ut i fleire land i tida framover, men er godleiken til Stefan Einhorn noko som alle er samde om globalt?
- Det finst ulike vurderingar og ulik etikk, men som idé trur eg innhaldet i boka passar i alle kulturar. Og bodskapen om at alle vinn på godleik er universell, meiner Stefan Einhorn.
(Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor)
|

 Det finst ein lengsel etter det gode i samfunnet. Menneska er lei av spisse olbogar for å gjere suksess. No må vi bli snillare mot kvarandre, seier forfattar, professor og lege Stefan Einhorn. Foto © Kari Hamre, NPK 
Det finst ein lengsel etter det gode i samfunnet. Menneska er lei av spisse olbogar for å gjere suksess. No må vi bli snillare mot kvarandre, seier forfattar, professor og lege Stefan Einhorn. Foto © Kari Hamre, NPK
|